Vitskapskomiteen vurderer nytte og risiko knytt til å ete fisk og sjømat

I 2006 publiserte Vitskapskomiteen for mattryggleik ei stor vurdering av fisk og sjømat. Vi konkluderte med at nytta ved å ete fisk er større enn risikoen frå miljøgiftene, slik at nordmenn flest burde ete meir fisk, både mager og feit fisk.

Vurderinga til VKM er vitskapeleg grunnlag for dei norske kostråda.

Av Astrid Bjerkås, kommunikasjonssjef i VKM, 25. mars 2014

Vi har fått nye nettsider, og tryggmatbloggen er flyttet til www.vkm.no/blogg.
Velkommen til de nye nettsidene våre!

Mattilsynet bad i fjor VKM vurdere om det har komme ny kunnskap som endrar konklusjonane i rapporten frå 2006

Mattilsynet viser til at det har komme ny kunnskap om innhaldet av nokre av næring- og framandstoffa i fiskefôr, fisk og sjømat. Det har òg komen nye kosthaldundersøkingar om kva nordmenn et sidan VKM publiserte si vurdering i 2006. Spørsmålet frå Mattilsynet til VKM er kva dette har å seie for konklusjonane i rapporten.

VKM vil publisere den nye vurderinga hausten 2014.

Slik gjer Vitskapskomiteen risikovurderingar(Toppfoto: iStockphoto)

Still oss spørsmål eller kommenter innlegget

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s