Kor mykje kunstig søtt er greit for helsa? Er morsmelk trygt? Er økologisk mat betre?

Desse og andre spørsmål får du svar på hos Vitskapskomiteen for mattryggleik på Forskingstorget i Oslo og Forskingstorget i Tromsø 19. og 20. september.

Av Astrid Bjerkås, kommunikasjonssjef i VKM 21. august 2014

Vi har fått nye nettsider, og tryggmatbloggen er flyttet til www.vkm.no/blogg.
Velkommen til de nye nettsidene våre!

Forskingstorga er ein del av dei nasjonale Forskingsdagane der forskingsinstitusjonar og kunnskapsinstitusjonar over heile landet viser fram det dei driv med.

Her er noko av det VKM presenterer

Er økologisk mat betre? VKM har gjennomgått forsking på økologisk og konvensjonell mat og matproduksjon. Arbeidet er det største i sitt slag som er gjort i Noreg.

I tillegg til næringsstoff og andre sunne forbindelsar finnes det òg miljøgifter i maten. Det har vore mykje merksemd på miljøgifter i fisk og i morsmjølk. Kva veit vi om dette?

Er kunstig søtstoff farleg for helsa? Er drikkevarer med søtstoff eit godt alternativ til sukkerholdige drikkar?

Nordmenn får i seg omtrent dobbelt så mykje salt (natriumklorid) som det styresmaktene anbefaler. Meir enn 75 % av saltet vi får i oss gjennom industriframstilte matvarer. Finst det gode alternativ til salt?

Besøk oss forskingstorga i Oslo eller Tromsø 19. og 20. september så får du vite meir.

Teltet til VKM på Forskningstorget i 2013

Besøk VKM på forskingstorga i Oslo og Tromsø 19. og 20. september. Her frå i fjor. Foto: VKM

Delta i quiz og vinn premiar

På standen vår kan du delta i quiz om trygg mat og vinne premiar.

VKM trygger maten

I Vitskapskomiteen for mattryggleik er rundt 100 av landets fremste forskarar samla for å sikre trygg mat.

Vi bruker forsking til å vurdere nytte og risiko ved stoff i maten. Mattilsynet og Miljødirektoratet brukar rapportane våre når dei lagar regelverk, tiltak og gir råd. VKM trygger maten.

Still oss spørsmål eller kommenter innlegget

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s